Bente Merete Søpstad Lagt inndesember 30, 2010 16:06

Jårakjølens Venner har opparbeidd ny parkeringsplass i Restadgrenda på Hølonda (Langbakken for dei som er lokalkjent). Det er godt merka avkjørsel ved fylkesveien (mot Klefstad). Frå Langbakken er det kjørt opp 10 km løyper om Damtjønna opp til Morsjøen og Elgshøgda. Første etappe, som er 4 km, går fram til Morsjøen, der det er gapahuk for kaffekos og rast. Sporet går vidare om Tomåsen, der ein møter løypa frå Krogstadsetra i Skaun, og vidare til Elgshøgda (5 km).
Dette er Oddvar Brås treningsløyper.
Like før Elgshøgda kjem det løyper frå Snøton i Orkdal. Får Elgshøgda ser ein både Gråkallen, Vassfjellet, Rensfjellet, Igelfjellet, Trollhetta, Snota, Hemnekjølen og Kopparen på Fosen. På klåre dagar ser ein heilt til Sylane. Vi takker Hølonda Sanitetsforening, Melhus kommune, Melhusbanken, Nettbuss, Bremner Invest, Støren Stål, Coop Hølonda, Flotten Maskin, Ola Stubsjøen, Bjørn Trotland, Roald Syrstad, Hølonda grunneierlag og i alt 115 enkeltpersonar for støtte.
Dessutan er det gitt gaver frå Bjørn Blokkum, Idar Sunnset og Jostein Gaustad.
God jul og godt nytt skiår frå Jårakjølens venner
Reidar Almås