X

Responsive image

Nyheter
Første kolmile  på 100 år

Første kolmile på 100 år

Author: Melhus Avisa Gaula/Wednesday, October 9, 2019/Categories: Startsiden, Nyheter

Fredag 4. oktober var det sikkert for første gong på hundre år eller meir tent ei kolmile ved Jårheim på Jåren, Hølonda. Gjermund Eids klasse «Levende kulturarv», som tar valgfag ved Eid skole og barnehage deltok også i tenninga. Lokale «kølfogder» møtte også opp for å bivåne og drikke kaffe frå svartkjel. Mila vart bygd av fersk gran, restar av bygningsmateriale og rivingsvirke.

På Lufallsmoen og mange stader på Hølonda finst det fleire tufter etter kolmiler frå gamle dagar. I eldre tider var kolbrenning viktig attåtnæring i bygdene rundt gruvedrifta. Kol, eller tre minus vatn ved ufullstendig forbrenning (pyrolyse), vart nytta i gruvene på Nyplassen i Seterdalen, på Malmplassen ved Svorkmo og i gruvene på Løkken. Kolbrennarane køyrde kol til gruva og tok med malm i retur til utskiping i Trondheim. Ein del av kolet gjekk med i dei mange smiene i gammal tid, både lokalt og i byane. No for tida kan kol mellom anna nyttast til smiing, grilling og ikkje minst jordforbetring og binding av karbon. Moderne, industriell kolproduksjon skjer i store tankar av stål, men det finst og mindre anlegg for ”heimebrenning” av kol.
    Ei knapp veke etter tenninga lever mila fortsatt ved at grå røyk siv opp frå det indre der tørkeprosessen pågår. Utgravinga av mila vil skje fredag 18.10, klokka 12.00. Da får vi fasit på om resultatet vart godt kol eller berre oske.

Bildet: Interesserte «kølbrennarar» i haustsol rundt storkjelen. Frå venstre: Karsten Brattli, Gjermund Eid, Harald Langås, Stein Røe, Steinar Rekstad, Martin Røe, Arnstein Saltnes, Kåre Sunnset og Reidun Syrstad Brattli.

Print

Number of views (138)/Comments (0)

Siste utgave